KOH116 Leire - handverk og funksjon

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
KOH116
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
KOH134 Funksjonell design
Om emnet

Emnet er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i Design, kunst og handverk. Emnet er også ope for vidareutdanningsstudentar. Gjennom kreative prosessar, problemløysning og produktutvikling vert det utvikla formkompetanse, materialforståing og designkompetanse innanfor materialet leire. Emnet har ein fagdidaktisk overbygnad.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om fagområdet leire som materiale, i designprosess og skulefag
  • har kunnskap om kunst og kulturstoff  knytt til gjenstandskulturen
  • har kunnskap om kreativitet og estetiske prosessar
  • har kunnskap om form- og funksjonsanalyse.
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ulike konstruksjons- og overflateteknikkar i materialet
  • kan bruke form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid
  • kan jobbe bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • kan planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar frå ide til ferdig form
  • kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader.
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
  • kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere til eiga personlegdomsutvikling og danning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.      

Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.

Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med prosessdokumentasjon, lagt fram til fastsett frist.

 

Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
16
Emneansvarleg: 
Sissel Midtlid
Materialavgift

Studenten betalar ei materialavgift på kr 900,- til innføringsblokkene. Studenten betalar sjølv materiale til eksamensoppgåva.

Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i design, kunst og handverk
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamenIndividuellsemesterA-F, der A er best og E er siste ståkarakter Ei praktisk oppgåve, arbeidsbok og rapport
Vurderinger:
Vurderingsform:Praktisk eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:semester
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang: Ei praktisk oppgåve, arbeidsbok og rapport
Godkjent av: 
Unni Hagen