IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode

Emnekode: 
IPA172
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Theory and Methods in Social Science
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IPA111 Samfunnskunnskap
Om emnet

Emnet er todelt. Første del gir ein introduksjon til vitskapsteori, og tek opp sentrale grunnlagsproblem i tileigninga av kunnskap som positivisme, årsaksforklaringar, rasjonalitet, hermeneutikk, falsifisering og paradigmeskifte. Andre del gir ein systematisk gjennomgang av vitskaplege arbeidsmåtar og samfunnsvitskapleg metode. Det vert innføring i konkrete forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis, med vekt på å kunne tolke, forstå og vurdere vitskaplege undersøkingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om og forståing av:

  • dei sentrale vitskapsteoretiske spørsmåla, og korleis kunnskap vert skap og brukt i samfunnet

  • fasane i den samfunnsvitskaplege forskingsprosessen, frå utvikling av problemstillingar til drøfting og presentasjon av funn

  • ulike kvalitative og kvantitative metodar som dokumentanalyse, intervju, feltarbeid, survey og registerdata

  • grunnleggande prinsipp for å tolke og vurdere resultata frå undersøkingar

Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter til å:

  • reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar i arbeidet med vitskapleg aktivitet

  • gjennomføre mindre datainnsamlingar av empirisk materiale, både kvalitative og kvantitative data

  • tolke, forstå og vurdere resultat frå kvalitative og kvantitative undersøkingar

  • presentere resultat frå eigne undersøkingar

Generell kompetanse

Studenten skal:

  • kunne reflektere rundt kva som er «sann kunnskap»

  • kunne reflektere rundt etiske og praktiske spørsmål som gjeld innsamling og bruk av data

  • kunne diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga går i haustsemesteret, og vil vere sett saman av førelesingar, praktiske arbeidsoppgåver i metode som skal løysast individuelt og i grupper, gruppediskusjonar, individuell oppgåveskriving og drøftingar i plenum. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Emnet har fire arbeidskrav som vert delt ut gjennom semesteret. Arbeidskrava må vere levert og fått godkjent for å framstille seg for eksamen. 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Bjarte Folkestad
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022