IPA112 Forvaltningskunnskap

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
IPA112
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet Forvaltningskunnskap (IPA112) gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, statsvitskap, organisasjonsteori og juss. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsstyring i ein lokal og regional kontekst med vekt på viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema retta mot:

  • politikk
  • makt og demokrati 
  • offentleg forvaltning og velferdsproduksjon
  • kommunen som samfunn og organisasjon 
  • organisasjonsteori 
  • innføring i rettssystemet og juridisk metode
  • samfunnsplanlegging og regional utvikling 

Emnet er, saman med Samfunnskunnskap (IPA111), obligatorisk på første året i Bachelorstudiet i planlegging og administrasjon. Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og kurs i samfunnsvitskapleg metode, vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av 

  • organisering av og funksjonar knytt til sentrale politiske og administrative institusjonar
  • viktige politiske og forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar knytt til regional planlegging og samfunnsstyring
  • viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking.
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • gjere greie for sentrale element ved norsk politikk og forvaltning 
  • nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til berekraftig samfunnsutvikling
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep
  • gjere bruk av desse ferdigheitene på ein kritisk måte
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • formidle samfunnsvitskapleg kunnskap om norsk politikk og forvaltning
  • vere i stand til å drøfte sentrale aspekt ved dette i ein fagleg samanheng
  • vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Canvas) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen

1. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.

2. Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80% frammøte til den undervisninga som står på planen, kvart semester. Undervisninga i haust- og vårsemesteret blir rekna kvar for seg. Gjennomføring av dei to   

    pensumprøvene er lagt til slutten av kvart semester.

3. Obligatorisk deltaking på Tverrfagleg veke og Plan-i-praksis-dagen. I særskilde høve kan det avtalast alternativt opplegg.

4. Obligatorisk deltaking i eit større, tverrfagleg prosjektarbeid i form av ein lokalsamfunnsanalyse (gruppearbeid). Dette omfattar også eit kurs i samfunnsvitskapleg metode.

5. Kvar student skal utarbeide eit individuelt refleksjonsnotat (ca 800 ord) innan ei veke etter lokalsamfunnsanalysen.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Kolbein Halkjelsvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
Bachelorgradsstudium i planlegging og administrasjon
Samfunnsvitskap (årsstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 40Digital eksamen. Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret
HeimeeksamenIndividuell7timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 40Digital eksamen. Tverrfagleg heimeeksamen i vårsemesteret (Organisasjonsteori og metode) Alle
HeimeeksamenIndividuell5timarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter20Digital eksamen. Heimeeksamen i vårsemesteret (Juss)Alle
Vurderinger:
Vurderingsform:Skriftleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 40
Kommentar:Digital eksamen. Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret
Hjelpemidler:
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:7
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 40
Kommentar:Digital eksamen. Tverrfagleg heimeeksamen i vårsemesteret (Organisasjonsteori og metode)
Hjelpemidler: Alle
Omfang:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:5
Varighetstype:timar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:20
Kommentar:Digital eksamen. Heimeeksamen i vårsemesteret (Juss)
Hjelpemidler:Alle
Omfang:
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19