TOD108 Teater og helse: Anvendt teater

Emnekode: 
TOD108
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 4: Applied theatre
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 4: Anvendt teater
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
TOD101 Teaterproduksjon 1: Ensemblebygging
TOD102 Teaterkunnskap
TOD103 Teaterproduksjon 2: Frå realismen til modernismen
TOD201 Teaterproduksjon 5: Samtidsteater
Krav til forkunnskapar

60stp i teater og dramafag, med minimum 30stp i teaterproduksjon.

 

Om emnet

Teater og helse gir kompetanse i korleis teater kan nyttast i arbeid med livsmeistring og folkehelse. 
Emnet inneheld eit kunstfagleg samarbeidsprosjekt mellom ei gruppe studentar og ein valt samfunnsarena (t.d. eldresenter, kultursenter, sjukehus, skole, barnehage osb.). Studentane skal utvikle ein grunnleggjande fasilitatorkompetanse, med tanke på leiing av anvendte teaterprosjekt i samfunnet.
Studentane skal lære om m.a.:

  • Anvendt teater
  • Samenhengane mellom teater og helse
  • Kunstfagleg utviklingsarbeid
  • Utvikling av forpliktande samarbeid
  • Facilitatorrolla
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnlaggjande kunnskap om anvendt teater

  • har basiskunnskap om samarbeidsprosessar, og korleis teaterprosessar kan gjennomførast på brukarane sine premiss

  • har kunnskap om korleis drama og teater kan anvendas i helsearbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingsprosjekt i anvendt teater, i samarbeid med utvalde instansar i samfunnet

  • kan kombinere form og innhald på ein kunstnarleg medviten måte, og formidle innan ei valt helsekontekst

  • kan reflektere over eiga fagleg utøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over sentrale val i produksjonsprosessen og grunngje desse i lys av teori og praksis

  • har innsikt i relevante faglege, og yrkesetiske problemstillingar 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 
     

Arbeidskrav:

  • Eit godkjend arbeid knyt til teori 
  • Eit godkjend arbeid knyt til praksisarbeidet med målgruppa. 
Sensorordning
Minimumstal: 
4
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Wenche Torrissen
Hege Holmqvist Synnes
Materialavgift

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Ei refleksjonsoppgåve, der evaluering av teaterprosjektet skal drøftast opp mot teori.
Alle
1500-2000 ord.
Praktisk eksamen
Gruppe
4-6 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Eksamen skal gjennomførast i samarbeid med ei samfunnsarena utanfor studiestaden, og er eit teaterprosjekt for/med aktørar på den valde arenaen.
30 til 90 minutter
Godkjent av: 
Unni Hagen