BLUPRA2 Praksis 2. årssteg, 40 dagar.

Varighet: 
2 semester
Emnekode: 
BLUPRA2
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning
Undervisningssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.
Krav til forkunnskapar

BLUPRA 1

Om emnet

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår. Desse er: Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK) og Språk, tekst og matematikk (BLUSTM).

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar, leiardagar og prosjektarbeid få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda 2. studieår, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal vise utvikling frå 1. studieår frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.

I det andre studieåret er det viktig at studenten viser utvikling og progresjon. Studenten skal øve seg på å ha oversikt over både barnegruppe og personalgruppe. Studenten vil kjenne igjen strukturar frå den første praksisbarnehagen, men vil også sjå at det er forskjellar på struktur og organisering i dei ulike barnehagane. Studenten skal særleg utvikle seg som personalleiar i andre studieår, og skal kunne leie personalet gjennom eit prosjektarbeid og leiardagar. Den didaktiske tenkinga er meir avansert og studenten skal trenge mindre støtte i arbeidet med planlegging av pedagogiske aktivitetar ogleiardagar. Ein viktig del av yrket som barnehagelærar er foreldre samarbeid, og i andre studieår skal studenten vise progresjon frå året før i arbeidet med å skape gode relasjonar til dei føresette.

I  praksis 2. studieår skal ein ha fokus på barn og estetiske opplevingar, leiing av barne- og personalgrupper, leiing av prosjektarbeid, leiardagar og tema samanheng barnehage - skule. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • foreldresamarbeid
  • kreative prosessar og tilrettelegging av estetiske opplevingar for alle barn
  • planlegging, gjennomføring og vurdering av prosjektarbeid
  • samanheng barnehage og skule
Ferdigheiter

Studenten kan

  • utvikle gode relasjonar til alle barn der relasjonane ber preg av omsorg, innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
  • vise at han har oversikt over barnegruppa
  • vise at han har oversikt over barnehagen sin struktur
  • aktivt ta del i læringsrike opplevingar med barn og viser evne til å tilrettelegge barns leikemiljø
  • ta omsyn til barns ulike bakgrunnar og føresetnader
  • nytte ulike observasjonsmetodar og skrive utfyllande didaktiske planar
  • leie og rettleiie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av eit prosjekt og leiardagar
  • bruke IKT som pedagogisk verktøy i dokumentasjonsarbeidet
  • samle inn empirisk datagrunnlag
Generell kompetanse

Studenten  

  • knyt teori til erfaringar frå praksis i didaktisk arbeid og faglege refleksjonar
  • viser at han har relasjonskompetanse og kan sikre medverknad frå personalet 
  • skaper gode relasjonar til dei føresette
  • har god innsikt i kva det vil seie å utvikle ein profesjonell identitet og gode profesjonsetiske haldningar, og vurdere kritisk eigen pedagogisk leiing og praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 2. studieår omfattar 40 dagar, fordelt på tre praksisbolkar. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på generell praksisførebuing og praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile andre studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.

I første praksisbolk skal studentane ha vekt på tilrettelegging av estetiske opplevingar. I den didaktiske planlegginga skal studenten særleg fokusere på dei didaktiske kategoriane overordna mål, mål, rammefaktorar, innhald og arbeidsmåte.Men studenten skal også ta omsyn til dei andre didaktiske kategoriane. Studenten skal arbeide for å skaffe seg oversikt over barnehagen si organisering og struktur.

Den andre praksisbolken skal ha vekt på prosjektarbeid. Studenten skal planleggje, gjennomføre og vurdere eit prosjekt. I arbeidet med det skal studenten leggje tilrette for eit leikemiljø som støttar tema for prosjektet. I andre praksisbolk skal alle kategoriane i ein didaktiak modell  og samanhengane mellom dei ha fokus. Foreldre samarbeidet er ein viktig del av prosjektet.

Studenten skal planlegge, gjennomføre og vurdere leiardagar i begge praksisbolkane.

Tredje praksisbolk skal ha fokus på samanhengen mellom barnehage og skule. Før praksisbolka tek til, skal studenten ha oversyn over kva ulike styringsdokument seier om samanhengen mellom barnehage og skule. I praksis skal studenten sjå på heile barnehagen, og sjå på korleis det er lagt til rette for eldre og yngre barn. Dei skal også sjå etter om det er progresjon i innhaldet barna møte i barnehagen.

Studenten skal samle datamateriale ved å gjennomføre eit intervju med fokus på overgangen mellom barnehage og skule.

Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i dei to første praksisbolkane skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort. Studenten skal gjere oppsummering/konklusjon med framovermelding frå praksis året før kjent for praksislærar i  den første forventingssamtalen. 

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 40 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUKKK i bolk 1
  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSTM i bolk 2
  • Studenten skal gjennomføre praktisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSTM i bolk 3
  • Studenten skal planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar i praksisbolk 1 og 2.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg vurdering, før endeleg sluttvurdering med karakteren stått/Iikje stått blir gitt etter tredje praksisbolk. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga.Praksislærar skal gjennom heile praksis gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Studenten skal som hovudregel motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått. Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, må studenten avbryte studiet.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
PraksisIndividuell-Stått eller ikkje ståttDet vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Vurderinger:
Vurderingsform:Praksis
Gruppering:Individuell
Varighet:
Varighetstype:-
Karakterskala:Stått eller ikkje stått
Andel:
Kommentar:Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Hjelpemidler:
Omfang:
Godkjent av: 
Arne Myklebust