BLULSU Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid

Varighet: 
1 semester
Emnekode: 
BLULSU
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
BLUBULL Barns utvikling, leik og læring
BLUSRLE Samfunn, religion, livssyn og etikk
BLUNHR Natur, Helse og Rørsle
Om emnet

Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kvaliteten i barnehagen gjennom kompetanse i leiing, samarbeid og utviklingsarbeid. Innhaldet i kunnskapsområdet er strukturert etter tre hovudtema der leiing i barnehagen utgjer omlag halvparten.  

Barnehagen som organisasjon utgjer ei viktig ramme for å forstå og utøve leiing og endringsarbeid. Leiing og samarbeid er relatert til eit barnehagemiljø prega av mangfald der behovet for samarbeid er stort. Det vert lagt vekt på korleis organisering, leiarhandlingar og samarbeid kan styrke barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn.  

Praksis er ein integrert del av kunnskapsområdet. Erfaringane frå praksis skal danne grunnlag for refleksjon knytt til omgrepa leiing, samarbeid og utvikling. 

Innhaldet bygger på den kompetansen som studenten har opparbeidd tidlegare i studiet. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • barnehagen som organisasjon og som lærande organisasjon. 

  • leiing, rettleiing av og samarbeid med menneske med ulik bakgrunn og ulike føresetnader, og om korleis eiga leiing påverkar prosessane.   

  • mentalisering og kommunikasjon som grunnlag for samarbeid, og om motivasjon og meistring som drivkraft for handling.  

  • relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiings- og utviklingsarbeid.  

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • sjølvstendig og saman med andre planlegge, leie, gjennomføre, kritisk vurdere og dokumentere eit mindre utviklingsarbeid i barnehagen, dette inkluderer også samarbeid gjennom digitale løysingar. 

  • kartlegge, analysere og kritisk reflektere over pedagogisk praksis, organisatoriske rammer, lovverk og styringsdokument som grunnlag for å vurdere og utvikle kvalitet i pedagogisk arbeid.   

  • gjennomføre rettleiing med fokus på kraftfull refleksjon. 

  • kan støtte utvikling av indre motivasjon og meistring gjennom bruk av demokratiske leiarprosessar, mentalisering og anerkjennande kommunikasjon. 

Generell kompetanse

Studenten:

  • har evne og vilje til å leie pedagogisk arbeid som støttar utvikling av barnehagen som ein lærande organisasjon. 

  • har medvit om eige autoritetsgrunnlag som leiar; og profesjonell yrkesutøvar. 

  • kan og vil identifisere etiske dilemma, utøve profesjonelt skjønn og gjere val som styrkar barnehagen som lærings- og utviklingsarena for yngre og eldre barn.  

  • har evne og vilje til å sjå korleis eigne leiarhandlingar påverkar samarbeidsprosessar, og justere eigen leiaråtferd i ulike situasjonar.    

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane er undervisning med studentdriven fagsamtale, arbeid individuelt og i gruppe og leiing av eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid i praksisbarnehagen. 

Det er 20 dagar rettleidd praksis. Tema for praksis er knytt til å vere ein lærande organisasjon som utviklar kvaliteten for barna. Det betyr at studenten, individuelt eller i gruppe, saman med personalet i praksisbarnehagen skal planlegge, gjennomføre, dokumentere og evaluere eit mindre pedagogisk utviklingsarbeid.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte til undervisinga etter gjeldande reglar.                                       

Godkjent arbeidskrav 1:  Rettleiing på utkast til plan for utviklingsarbeidet – individuelt / gruppe.  

Godkjent arbeidskrav 2: Studentdriven rettleiing  på manus til digital forteljing - grupper 

Godkjent arbeidskrav 3:  Digital forteljing som etterarbeid av praksisperioden - individuelt 

For meir informasjon om arbeidskrav, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-7. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Linda Marie Viddal
Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamenIndividuell30minuttA-F, der A er best og E er siste ståkarakter 100Del 1: «Eg som leiar»: Presenter eit innlegg som handlar om utviklinga av din leiaridentitet.
Del 2: Trekk eit fagleg tema og reflekter over dette i lys av eigen leiarutvikling gjennom barnehagelærarutdanninga.
Vurderinger:
Vurderingsform:Munnleg eksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:30
Varighetstype:minutt
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel: 100
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:Del 1: «Eg som leiar»: Presenter eit innlegg som handlar om utviklinga av din leiaridentitet.
Del 2: Trekk eit fagleg tema og reflekter over dette i lys av eigen leiarutvikling gjennom barnehagelærarutdanninga.