BLUFMM Mangfald og meistring

Emnekode: 
BLUFMM
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Rapporteringsprogram: 
Barnehagelærarutdanning
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Heiltid: BLUBULL, BLUSRLE og BLUNHR

Arbeidsplassbasert A16: BLUBULL1-A16, BLUSRLE-A16 og BLUNHR-A16

Om emnet

Emnet er eit fordjupingsemne som byggjer på kunnskapar frå emna Barns utvikling, leik og læring (BULL). Emnet framhevar mangfaldet som ein barnehagelærar møter i barnehagen og vektlegg kunnskap om mangfald i språk, kultur, åtferd og barns psykisk helse. Det viser til både allmennpedagogiske og spesialpedagogiske tilnærmingar.

Relasjonskompetanse, kunnskap om barns ulike føresetnader og samarbeid med både foreldre og med interne og eksterne instansar blir framheva som relevant pedagogisk kompetanse for å meistre arbeidet som pedagogisk leiar. Det blir vidare lagt vekt på å utvikle forståing for korleis barnehagen som institusjon kan arbeide for å legge til rette for mangfaldet i barnegruppa. Emnet vil vere eit ledd i arbeidet med å bygge eit deltakande og inkluderande pedagogisk miljø i barnehagen der alle born kan styrkast til å meistre utfordringar.

Det overordna perspektivet i dette emnet er mangfald som ressurs og at barns meistring føreset eit tilpassa barnehagetilbod for alle barn. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne.

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap og forståing for kultur og verdisyn i eit fleirkulturelt samfunn og korleis identitetsbygging og inkludering kan føre til livsutfolding og utvikling
  • utvida kunnskap om barns språkutvikling, språkstimulering, utvikling av fleirspråklegheit og verdien av morsmålet
  • grundig kjennskap til korleis føresetnader som funksjonsnivå, sosial, kulturell og etnisk bakgrunn, kjønn og psykisk helse påverkar læring og utvikling
  • kunnskap om kva som kjenneteiknar eit godt psykososialt miljø for barna og korleis ein legg til rette for dette i det pedagogiske arbeidet
  • innsikt i korleis leie ein barnehage til å utvikle eit ressursorientert perspektiv på mangfald
  • innsikt i korleis allmennpedagogiske og spesialpedagogiske tiltak som fremjar eit tilpassa barnehagetilbod for alle barn kan bli planlagde, gjennomførte og vurderte
  • kunnskap om internt og eksternt samarbeid om barn med ulik etnisk, kulturell, religiøs, språkleg og sosial bakgrunn, ulike funksjonsnivå og ulike behov i samband med psykisk helse  
Ferdigheiter

Studenten kan

  • arbeide for utvida forståing, toleranse og respekt for likskapar og skilnadar
  • leie ei personalgruppe til å bli kompetente medarbeidarar i møte med mangfaldet i barnehagen
  • legge til rette for eit stimulerande språkleg og kulturelt miljø i barnehagen for alle barn
  • nytte fagleg innsikt og kompetanse i sitt relasjonsarbeid i høve mangfaldet i barnegruppa 
  • legge til rette for eit nært samarbeid med foreldre med ulik kulturell, språkleg og funksjonell bakgrunn

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har tileigna seg reflektert teoretisk, praktisk og haldningsbasert kompetanse knytt til arbeid med mangfald i barnehagen
  • har brei teoretisk og praktisk kjennskap til korleis barnehagen kan skape eit individuelt tilpassa og likeverdig tilbod for alle barn
  • kan i sitt didaktiske arbeid reflektere over og vurdere samanhengar mellom omsorg og danning, leik, kvardagssituasjonar og læring
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I undervisninga nyttar vi varierte lærings-og arbeidsformer som førelesningar, arbeid individuelt og i gruppe, praksis og studietur. I oppstartsveka vil det bli undervist i praktiske fag der studentane vil måtte betale ein beskjeden eigenandel  for å dekke utgifter til matvarer. 

Emnet inneheld 5 dagar rettleia praksis i barnehage.

Det inngår ein studietur over fleire dagar til ein stad med tilknyting til mangfaldsarbeid på ulike plan, og studentane må rekne med utgifter til mellom anna transport og overnatting. Det blir lagt til rette for alternativ studietur for dei som av ulike grunnar ikkje kan vere med på studieturen.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav 1: Studentane fordjupar seg gruppevis i delar av pensum og presenterer munnleg dette for resten av klassa. På førehand skriv gruppa eit refleksjonsnotat på 800 ord som ei av dei andre gruppene les og gjev respons på etter framlegginga. 

Arbeidskrav 2: Individuelt skriftleg teori- og praksisbasert refleksjonstekst på 1800 ord (+/- 10%) med utgangspunkt i praksisdagane i barnehagen. 

Arbeidskrav 3: Deltaking på studietur eller alternativ studietur. Førebu besøk på relevante institusjonar og skrive individuell logg. 

Arbeidskrav 4: Arbeidskrav etter studietur/alternativ studietur: Fagtekst på 2000 ord(+/- 10%)

Frammøte til undervisning/deltaking er obligatorisk etter gjeldande reglar. Jmf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Gunnhild Bergset
Materialavgift

Det blir ei materialavgift på 200 kr.

I tillegg blir det ei studietur-avgift for dei som er med på studietur på 400 kr. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
Barnehagelærarutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetVarighetstypeKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
HeimeeksamenIndividuell3DagarA-F, der A er best og E er siste ståkarakter4500 ord (+/- 10%)
Vurderinger:
Vurderingsform:Heimeeksamen
Gruppering:Individuell
Varighet:3
Varighetstype:Dagar
Karakterskala:A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Andel:
Kommentar:
Hjelpemidler:
Omfang:4500 ord (+/- 10%)