Nettverkssamling: Digital skaparkraft og dømmekraft


Utdanningsdirektoratet, Høgskulen i Volda og OsloMet inviterer til nettverkssamling om PfDK i lærerutdanningane 30.-31. mars 2020. Temaet for samlinga er “Digital skaparkraft og dømmekraft”.

Vi ber om at de sender inn idear til presentasjonar eller diskusjonsinnlegg (eigne eller kollegaer sine) som adresserer digitale ressursar i skapande læring, framtidsklasserom, makerspace, entreprenørskap, programmering, utforskande læring og medieproduksjon i læring. Desse forslaga må vere oss i hende før 10. februar.


Program: 

  • Måndag 30. mars kl. 12.00 startar vi med lunsj og påfølgjande forskingsseminar om digital dømmekraft arrangert av prosjektet DiCTE - Developing ICT in Teacher Education, i Ulsteinvik.
  • Frå kl. 18.00 er det TeachMeet og TeachMake med enkel middagsservering på Skaparhuset i Ulsteinvik.
  • Overnatting på hotellet i Ulsteinvik
  • Tysdag 31. mars flyttar vi oss til Høgskulen i Volda der nettverkssamlinga om Digital skaparkraft og dømmekraft blir arrangert av DigiGLU-prosjektet ved HVO, kl. 9.15-15.


Nærare program og påmelding til dei ulike delane sendast ut i midten av februar, og alt av informasjon vil ligge tilgjengelig på DigiGLU-bloggen til Høgskulen i Volda.

Påmelding av presentasjon eller diskusjonsinnlegg sendast til prosjektleiar Marianne Ulstein Johnston innan 10. februar: johnstonm@hivolda.no

Ein kan reise til samlinga både med buss/nattbuss, og via Ålesund flyplass Vigra og Ørsta-Volda flyplass Hovden.

Del på