Nasjonal festkonsert med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og Kei Solvang
Velkommen til nasjonal festkonsert i Volda kyrkje 17. mai. I år som før blir det presentert eit spennande program med norsk musikk, framført av dyktige profesjonelle og amatørmusikarar i Volda kyrkje. Dørene opnar 19.15. Billettsal i døra.
Pianist Kei Solvang, solist i Grieg sin ikoniske Klaverkonsert i a-moll.
Solist i Grieg sin ikoniske Klaverkonsert i a-moll er den framstormande pianisten Kei Solvang (f. 2002). Kei er masterstudent ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København, og ho har alt ei imponerande merittliste med prisar frå nasjonale og internasjonale konkurransar. Grieg er også representert i den majestetiske Hyldningsmarsj frå musikken til Bjørnsons skodespel Sigurd Jorsalfar.
Nicolai Remme, utflytta volding og dyktig bratsjist, med besteforeldre som faste medlemmer i orkesteret, skal vere solist i Edvard Bræin sin Serenade for bratsj og orkester.
På programmet står òg den dramatiske Asgaardsreien av Ole Olsen. Verket byggjer på Welhavens dikt som tek utgangspunkt i ei sann historie frå Valdres om eit fatalt slagsmål i eit bryllup i 1823. I Welhaven sin versjon er hendinga flytta til Voss, og medan brudefølgjet bed desperat til Gud, blir ein av skurkane henta av den overjordiske Åsgårdsreia og kjem aldri att.
Symfoniorkesteret har som tradisjon å løfte fram lokale komponistar, og i år blir det urframføring av eit nytt og spennande verk skrive av ørstingen Torgrim Skjerdal. Komponisten skal sjølv traktere flygelet.
Velkomen til ei flott oppleving av levande musikk i all sin akustiske prakt, framført av glitrande solistar saman med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Dirigent er Elizabeth Oltedal, dosent ved Institutt for musikk.
Program
- Nasjonalsangen Ja, vi elsker dette landet (Bjørnson/Nordraak)
- Edvard Grieg, Hyldigungsmarsj frå Sigurd Jorsalfar
- Ole Olsen, Asgaardsreien, op. 10
- Edvard Bræin, Serenade for bratsj og orkester med solist: Nikolai Remme
- Urframføring av Torgrim Skjerdal, Storfjorden i symfonisk drakt (eit musikalsk drama i 4 akter)
- Edvard Grieg, Pianokonsert i a-moll, op. 16
Les meir om arrangementet på facebook ved å følgje denne lenkja. Sjå reel frå solist Kei Solvang her.