Media i Volda: Internpraksisen er i gang

Tekst: Vilde Moltudal Igland

- Oppdatert

Jakta på gode historier og nyheiter har starta for fullt når andre trinn på Bachelor i journalistikk skal drive mediehus dei neste seks vekene. Les Nærnett, sjå Nærsynet og høyr Radio Volda, og møt framtidas journalistar! 

Medieutdanninga i Volda er bygd opp rundt mykje praksis gjennom heile studieløpet. Dette semesteret har andreklassingane internpraksis frå 12. februar og fram mot påske. 

Dei neste vekene blir det laga innhald til nett, radio og tv, gjennom NærnettRadio VoldaRadio Volda Podcast og Nærsynet. Så det er berre å klikke seg inn til mykje god journalistikk. 

Dei har også kontoar på X / Twitter , Facebook og Instagram

Har du tips?

Send dei tips om saker du vil lese eller noko du vil sette søkelyset på.  

Les meir:

Del på