Mat produsert av studentar ved HVO.

Matkultur

Vidareutdanning (bachelornivå)

Matkultur er eit praktisk og teoretisk studium med fokus på matkultur og konservering av mat. Du skal tileigne deg praktiske ferdigheiter om tradisjonsmat, og kunnskap om korleis matkulturen har utvikla seg frå førhistorisk tid og fram til i dag.

Formidling av matkulturelle tema gjennom handlingsboren kunnskap og digitale medium står sentralt. Studiet gir også høve til at du kan fordjupe deg i eit sjølvvalt matkulturelt tema som er relevant for den einskilde sin profesjon eller yrke.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng.

Undervisninga er organisert med fem fysiske samlingar på høgskulen kombinert med rettleiing på nett mellom samlingane. I tillegg kjem frammøte i samband med arbeidskrav.

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, praktisk arbeid i kjøkken på høgskulen og heime, oppgåveløysing individuelt og i gruppe, og sjølvstudium.

Arbeidskrav og vurderingsformer er nærare omtala i dei to emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er retta mot eit variert spekter av yrke og arbeidsplassar der mat og matkultur er relevant.

Dette gjeld til dømes grunnskulen, skulefritidsordningar, barnehagen eller andre samfunnsinstitusjonar, både i privat og offentleg sektor.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestad for samlingar er ved Høgskulen i Volda. Samlingane inneheld praktisk arbeid og forelesing, rettleiing på nett mellom samlingane.

Det er fem samlingar med praktisk undervisning kvart semester: Fredag kl. 16.00-20.00 (første samling startar kl. 15.00) og laurdag kl. 09.00-15.00.

Haust 2024, veke: 34, 36, 38 (berre søndag 22. september), 42, 45, 48

Arbeidskrav av teoretisk og praktisk slag mellom samlingane

Læringsplattformen Canvas vert nytta.

Eksamen haust:  Heimeeksamen på nett (4 t) + mappeeksamen basert på arbeidskrav, desember 2024

Oppstart fredag 23. august 2024 kl. 15.00-20.00

  • Oppmøte på Høgskulen i Volda, undervisningskjøkkenet i Kaarstad-huset (kartreferanse: https://link.mazemap.com/3HaoHhbZ)
  • Ta med innesko og forkle til praktisk arbeid
     

Pensum

Pensumliste for første emne i studiet, MAK101 - Matkultur 1, finn du her.

Studieplan

Matkultur - vidareutdanning

Studieprogram: 
Matkultur - vidareutdanning
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Matkultur er eit praktisk og teoretisk studium med fokus på matkultur og konservering av mat. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg praktiske ferdigheiter om tradisjonsmat, og kunnskap om korleis matkulturen har utvikla seg frå førhistorisk tid og fram til i dag.

Formidling av matkulturelle tema gjennom handlingsboren kunnskap og digitale medium står sentralt. Studiet gir høve til at studenten fordjupar seg i eit sjølvvald matkulturelt tema som er relevant for den einskilde students profesjon eller yrke.

Studiet rettar seg inn mot eit variert spekter av yrke og arbeidsplassar der mat og matkultur kan vere relevant, slik som grunnskule, skulefritidsordning, barnehage og andre samfunnsinstitusjonar, privat næring, turisme og reiseliv.

For lærarar i grunnskulen er studiet å rekne som skulerelevant fag.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Etter fullført studium skal studenten 

  • ha kunnskap om mattradisjonar og matkultur, og korleis desse har utvikla seg frå førhistorisk tid og fram til i dag
  • ha kunnskap om ulike konserveringsmetodar for mat
  • kunne gjere greie for mat i perspektiv av ulike kulturar og religion
  • ha kunnskap om formidling og læring knytt til mat og matkultur
Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studenten

  • kunne lage tradisjonell og konservert mat av ulike råvarer
  • kunne planlegge og gjennomføre matkulturelle aktivitetar for ulike målgrupper inne og ute i naturen
  • kunne samle inn, dokumentere og formidle praktisk og teoretisk kunnskap gjennom mellom anna digitale medium
Generell kompetanse

Etter fullført studium skal studenten

  • kunne samarbeide med andre om planlegging og gjennomføring av matkulturelle aktivitetar
  • diskutere mat og matkultur i eit tverrfagleg og samfunnsmessig perspektiv
  • reflektere over og kritisk vurdere kjelder knytt til matkulturelle tema
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng. Studiet er organisert med fem fysiske samlingar på høgskulen kombinert med rettleiing på nett mellom samlingane. I tillegg kjem frammøte i samband med arbeidskrav.

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, praktisk arbeid i kjøkken på høgskulen og heime, oppgåveløysing individuelt og i gruppe, og sjølvstudium.

Arbeidskrav og vurderingsformer er nærmare omtala i dei to emneplanane.

Matkultur - vidareutdanning
Navn: 
Matkultur - vidareutdanning
Emne2024 Haust2025 Vår
15
15
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Det vert forventa at studentane har grunnleggjande kompetanse i bruk av digitale verktøy. Studentane må ha tilgang til kjøkken for gjennomføring av matfaglege aktivitetar på eiga hand.

Kostnader

Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 1000,- per emne, totalt kr. 2000,-

Ansvarleg
Kari Ryslett T: 70075272, E: kari.ryslett@hivolda.no, Erik Fooladi T: 70075322 E: erik.cyrus.fooladi@hivolda.no
  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 30 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

  • Studieplan
Løpande opptak

Søknadskode : 4051

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt