Korleis ønskjer helsepersonell opplæring om avverjeplikt i møte med partnarvald?

Veronica Kvalen Pilskog (HVO), John C. Besley (MSU) og Thea Beate Brevik (HiMolde) har publisert ein ny vitskapleg artikkel knytt til forskingsprosjektet MANREPORT-IPV (Avverjeplikt i møte med partnarvald).

Veronica Kvalen Pilskog (HVO), John C. Besley (MSU) og Thea Beate Brevik (HiMolde).

Veronica Kvalen Pilskog (HVO), John C. Besley (MSU) og Thea Beate Brevik (HiMolde). Foto: HVO/MSU/HiMolde.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

Artikkelen «Preferences for training on mandatory reporting of intimate partner violence among healthcare professionals: a Norwegian cross-sectional study» er publisert i Frontiers in Public Health – Public Health Education and Promotion.

I artikkel undersøkjer forskarane kva opplæringsformat helsepersonell føretrekkjer. Fysiske møte, kurs og workshopar var mest populære, etterfølgde av e-læring og digitale møte. Preferansane varierte òg med mellom anna tidspress, yrkeserfaring og profesjon.

Heile forskingsartikkelen kan lesast med open tilgang på frontiersin.org.

Del på: