MOSO

MOSO logo

MOSO - Mentoring and Observation Software

I praksisrettleiing i lærarutdanninga, pendlar studentane mellom tre relaterte aktivitetar:

•    undervisning
•    observasjon
•    rettleiing


Samspelet mellom desse aktivitetane er avgjerande for kvaliteten i rettleiinga. Det same gjeld samspelet og kommunikasjonen mellom høgskule og praksisskular i praksisperioden. Moderne teknologi gir nye moglegheiter for samspel og kommunikasjon i praksisperiodane, ved at studentar, praksislærar og basisgruppeleiar enkelt kan dele informasjon, observasjonar og tilbakemeldingar mellom seg. Dette kan bidra til å styrke kvaliteten i praksisrettleiinga.


MOSO er ei programvare som integrerer planlegging, observasjon og rettleiing. I MOSO kan praksisgruppa bruke tekst, bilete eller video for å observere og gi tilbakemeldingar.


For å sikre heilskap, samanheng og progresjon, skal MOSO brukast på denne måten: 

  1. Studenten lagar og publiserer undervisningsplanen sin.
  2. Medstudentane og rettleiaren gir respons på planen.
  3. Studenten bearbeider og gjer ferdig undervisningsplanen.
  4. Medstudentane og rettleiaren bruker tekst, bilete og video i observasjonane sine medan studenten underviser.
  5. Studenten førebur seg før rettleiinga ved å gå gjennom observasjonane/”feeden”, og analyserer
    og reflekter over det som er observert.
  6. Studenten, medstudentane og rettleiaren deltek i rettleiingssamtalen med eigne synspunkt, vurderingar og refleksjonar.
     
MOSO

MOSO er under kontinuerleg utvikling i samarbeid med brukarane, og vi er difor avhengige av tilbakemeldingar. Meld frå direkte til MOSO eller til kontaktperson ved høgskulen dersom de har forslag til endringar eller oppdagar feil i programvara. 

Tips til pedagogisk bruk av MOSO

Planlegging og tilbakemelding på planar

  • Planlegging av ein time er det enklast å gjere ved å logge inn på MOSO via PC eller Mac
  • Bli einige om eit fast oppsett for “Tittel”. Til dømes: Fag - klasse - time - dato - namn på lærar
  • Gi tilbakemeldingar/kommentarar til andre si planlegging, både i form av tekst, video og bilete
     

Undervisning og observasjon

  • Minn kvarandre på å følge arbeidsflyten i MOSO. Endre aktivitetsstatus frå «planned» til «observation» og frå «pause» til «finished»
  • Kva bør ein dokumentere?
  • Ta korte videoopptak (30-60 sek). Leit etter noko interessant eller gjer opptak av det de har blitt einige om eller som medstudenten har bedt om at blir observert
  • Vel ut 10 min i løpet av timen der du observerer konsentrert
  • Ta fleire bilete frå ein undervisningstime (med mobil/nettbrett) og vel til slutt ut eitt bilete som fortel noko viktig
  • Prøv å kommentere slik:
    • Beskriv: “Du gir beskjeden munnleg og skriv han samtidig på tavla.”
    • Fortolk:  “Det gjer du for å unngå at det blir uklart for elevane korleis dei skal arbeide.”
    • Vurder: “Det er hensiktsmessig, særleg med tanke på at korleis elevane reagerte då dei opplevde noko som uklart i førre time.”
  • Kommenter på andre sine kommentarar medan du observerer
  • Ta eit bilete og skriv ein kommentar til
     

Rettleiing

  • Gå kronologisk igjennom timen frå start til slutt
  • Bruk videoen, bileta og kommentarane som er lagt inn under observasjonen aktivt
  • Diskuter også om det er noko som skjer i løpet av timen som vanlegvis ikkje blir dokumentert i MOSO?
     

Prosjektleiar

Eivind Hanevik
Studieleiar grunnskulelærarutdanningane
Høgskulen i Volda
70 07 53 53

Kontaktperson