Kurs om bruk av Teams

Invitasjon til kurs om bruk av Teams ved HVO

Læringsverkstaden inviterer alle tilsette til kurs om bruk av Teams ved Høgskulen.  Teams er eit viktig verktøy for kommunikasjon og samhandling ved alle avdelingar. Vi har sett opp kurset to ulike dagar og tidspunkt, slik at det skal vere mogleg for dei aller fleste å finne eit tidspunkt som høver. Vi har også delt opp kurset i to separate delar, for at alle skal få eit tilbod ut frå kva erfaring ein har med Teams frå tidlegare. Kurset vert gjennomført digitalt i Teams og kurshaldar er Solveig Røkenes frå ITeam.

Påmelding:

Det vert sendt ut kalenderinvitasjon til kvart av kursa, slik at ein kan melde seg på det/dei kursa som høver ved å svare på desse invitasjonane. I desse invitasjonane vil de finne Teamslenkja til kurset.
 

Kursdatoar:

Onsdag 09. november:

09.00 – 10.00: Grunnleggande innføring i Teams

10.15 – 11.15: Teams for vidarekomne

Torsdag 17. november:

13.00 – 14.00: Grunnleggande innføring i Teams

14.15 – 15.00: Teams for vidarekomne

Ein kan delta på fleire av kursa dersom ein ønskjer det.
 

Kursinnhald:

Grunnleggande innføring i Teams:

• Kvifor nytte Teams som verktøy?

• Korleis bli medlem av eit Team?

• Kva er skilnaden på eit Team og ein kanal? Ulike typar kanalar og korleis skilje dei frå kvarandre.

• Korleis legge til, dele og synkronisere filer i ein kanal? Vise filutforskar. Kvar er det lov å legge til nye mapper i filutforskar?

• Korleis chatte i Teams? Når bør ein opprette privat chat og korleis gjer ein det?

• Korleis sjå om noko er endra sidan sist du var inne?

• Korleis prioritere Teams og kanalar? (skjule og feste)

• Korleis skru av/på varsling?

 

 

Teams for vidarekomne

• Nytt Teams eller privat kanal? Kva er «best practise»? Gjennomgang av ulike Teams og kanalval.

• Korleis legge til appar og kva er dei mest nytta MS appane vi anbefalar? Vi viser dømer på bruk.

• Korleis effektivisere møter ved å kombinere Teams funksjonalitet og andre appar.

• Deling av filer. Er det eigentleg nødvendig? Dersom du deler, huskar du å avbryte delinga?

• Synkronisering. Ulike variantar av synkronisering. Avslutte synkronisering utan å slette filer for alle.

• Innsende spørsmål Send inn spørsmål her!

Solveig Røkenes er leiar for utvikling ved ITeam i Haugesund. Ho har lang erfaring i å hjelpe offentlege og private verksemder med å bruke digitale arbeidsverktøy på ein effektiv og god måte.

Solveig har pedagogisk bakgrunn og har vidareutdanningar innan endringsleiing og skuleutvikling.