Kurs for studentar: Tankevirus (del I)
Korleis kan vi avsløre skrullete tankar når dei gir seg ut for å vere truverdige? Alle har skrullete tankar, men ikkje alle trur på dei.
"Tankevirus" er eit prisvinnande kurs, og det er gratis og ope for alle studentar ved HVO. Det er inga pånelding, berre møt opp. Sidan vi serverer mat til deltakarane så trykk gjerne "delta" på facebook-arrangementet slik at vi veit kor mykje mat vi skal ordne :-)
På kurset lære du om korleis psykologi påverkar oss i kvardagen, men også deg som slit med mild depresjon og angst. Kurset er utvikla av norske psykologar og forskarar, og er basert på grunnprinsipp frå kogntitiv atferdsterapi.
Kursinnhald
- Kunnskap om kor vanlig det er å ha negative tankar.
- At tankar i seg sjølv er harmlause, det er korleis vi reagerar på tankane som potensielt kan ta frå oss gleda i kvardagane og i verste fall gjere oss sjuke.
- Kunnskap om ulike tankevirus og trening i å identifisere dei hjå oss sjølv.
- Hensiktsmessige måtar å forholde deg til tankane dine slik at du i større grad kan fungere, også i perioder med negative tankar.
- Mindre grubling og bekymringar.
Kursleiar: Rolf Viddal

Rolf har sidan 1986 arbeida med ulike oppgåver innanfor studentvelferd.
Han har utdanning innanfor offentlig administrasjon og organisasjonskunnskap, økonomi og marknadsføring, kundetilfredsheit og veiledning.
Han har lang erfaring som studieansvarlig i NTL Studentsamkipnadene og har holdt mange kurs i regi NTL.