Undervisning, frammøte, fråver og eksamen

  • Alle eksamenar som krev fysisk frammøte (til dømes skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen) skal endrast til alternative digitale eksamensformer. Som ein konsekvens av dette vert også all undervising gjennomført digitalt resten av semesteret. Dette kan også medføre ei justering av tidspunkt for eksamen. Oversikt over desse alternative eksamensformer og eventuelt justering av tidspunkt vil vere på plass 30. mars
     
  • Høgskulen har vedtatt ei mellombels forskrift om studium og eksamen. Forskrifta gjev fagmiljøa moglegheit til å tilpasse undervisning og eksamensform og sikrar studentane sine rettar med tanke på situasjonen vi no er i
  • Alle tilsette ved HVO skal jobbe heimanfrå. Unntaket gjeld tilsette i kritiske funksjonar
  • Styresmaktene har bestemt at alle universitet og høgskular skal stengast frå torsdag 12. mars kl. 18.00. Det betyr at studentar ikkje skal opphalde seg på campus. Studentkorta gir ikkje lenger tilgang til husa på campus
  • All undervisning på høgskuleområdet er avlyst frå og med 12. mars, og vert erstatta med alternative undervisningsformer så fort som råd. Følg med i Canvas! Nettundervisning går som planlagt
  • Sjukemelding er ikkje naudsynt ved fråvær. Dette gjeld for heile vårsemesteret 2020
  • Sentralbordet vil i perioden 17.- 26.3.2020 vere ope mellom 09.00 – 15.45