Konsekvensar av traume og stressrelaterte lidingar hos barn og unge - UTSETT TIL HAUSTEN

sad boy

Fagdagen er utsett til hausten 2020!

I samband med planlagt oppstart av prosjektet Barneblikk på Søre Sunnmøre våren 2020, arrangerer vi fagdag der fokuset vert sett på dei yngste barna. Vi skal sjå nærare på barn som veks opp med foreldre som har utfordringar med rus, psykiske helse-plager og opplevd vald. Fagdagen er eit samarbeid mellom BUP Volda, Sjustjerna og Høgskulen i Volda.

Kva for konsekvensar får dette for utviklinga til barn? Korleis finn vi desse barna slik at vi kan gi dei hjelp? Kan vi førebygge? Korleis følgjer vi opp barn som har opplevd traume? Vi ønskjer at fagdagen skal gi bakgrunnskunnskap og skape forståing for kvifor vi startar opp Barneblikk-prosjektet.

Program 
08.45-08.50Velkommen
08.50-09.00Introduksjon ved Birgitte H. Øverlid, fastlege og helsestasjonslege.
09.00-10.15Traume- og stressrelaterte symptom hos barn og unge. Konsekvensar av omsorgssvikt og mishandling, v/Stine Lehmann, spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi, føsteamanuensis ved Det psykologiske fakultet, Univ. i Bergen
10.15-10.30Pause
10.30-11.45Traume og stressrelaterte symptom fors.
11.45-12.30Lunsj
12.30-13.15Meldeplikt til barnevernet. Empiriske, etiske og juridiske betraktningar v/Kjartan Leer-Salvesen, professor ved Høgskulen i Volda
13.15-13.45Presentasjon av såbarnseteamet ved BUP Volda. v/Ingvill Vik, overlege og Ingrid Sævik, sosionom/famlileterapeut.
13.45-14.00Pause
14.00-15.00Satsing på Barneblikk. Kva har vi fåttt til i Molde og Ålesund, og kva blir Barneblikk på Søre Sunnmøre? v/Mette Grytten, leder for Barneblikk og Jorunn Osnes, helsesjukepleiar ved Ulstein helsestasjon
  
  

Påmelding

Tilsette frå kommunane melder seg på her via Deltager

Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på her via Læringsportalen

Tilsette og studentar ved Høgskulen, melder seg på til Bjørn Gunnar Tafjord

 

Frist for påmelding er 16. april.

Har du spørsmål som gjeld fagdagen - ta kontakt med BUP Volda tlf. 70 05 82 00.

Les meir om Barneblikk i Møre og Romsdal

Last ned flygar

 

Parkering ved Høgskulen i Volda:

Kart parkeringsplassar

 

Sjustjerna

 

Del på