Konfliktkafe på Rokken
Har du vore på Mat og prat, eller tenkt at du skulle det denne tysdagen? Denne gongen gjer vi ein liten vri i høve Forskningsdagane og har konfliktkafé!
Det blir mat, kaffe/te og noko søtt attåt i kafeen på Rokken, og fine samtaler saman med medstudentar om kva konflikt er.
Studenthumanisten og studentpresten startar praten, og spelar opp til nokre spørsmål:
Kva er ei konflikt eigentlig? Er det uenigheit, og noko som er vanskeleg eller kanskje noko konstruktivt? Kva ligg det i å vere konfliktsky? Når er det eigentleg nødvendig å gå inn i ei konflikt?
Kanskje kan vi ved å reflektere over kva ei konflikt er, bli meir bevisste om det i liva våre, og kanskje gjere oss betre til å takle uenighet?
Samtalen skjer i mindre grupper, og ein får forslag til spørsmål ein kan undre seg over saman.
Arrangementet er gratis, men ein må tinge billett via Tikkio, og det er fystemann til mølla!
https://tikkio.com/.../24997-konfliktkafe-forskningsdagene
Dørene åpner 18.00
Arrangementet er eit samarbeid mellom Forskingsdagane, Velferdsgruppa ved Høgskulen i Volda og Studenthuset Rokken.