Digital lunsj: Omvendt undervisning

Omvendt undervisning er ein arbeidsmåte der studentane førebur seg til undervisninga ved å sjå ein undervisningsvideo eller bur seg verd å bruke andre digitale lærngsressursar før dei møter opp i klasserommet. På denne måten kan ein bruke den tida studentane og lærar er saman til andre undervisningsaktivitetar enn elles.
 

Vi har utfordra Nils Magne Magerøy til å dele sine erfaringar med denne arbeidsmåten, og han vil fortelje både korleis det fungerer når han møter studentane i klasserommet på campus og på nett. Han brukar denne arbeidsforma når han underviser i ulike emne i barnehage- og grunnskulelærarutdanningane og PPU. Det vert også høve til å stille spørsmål og drøfte arbeidsforma etter innlegget.

Ta gjerne med matpakken din, vi serverer kaffi/te og frukt.

Velkomen til å lære meir om korleis kollegaer jobbar med å fornye utdanningstilbodet!

Share on