Fjordkonferansen 2018

Fjordkonferansen 2018

Fjordkonferansen er eit fellestiltak for forskings- og utdanningsmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Konferansen vert halden på NTNU i Ålesund  21.-22. juni 2018.

Høgskulen i Volda, NTNU, Høgskolen i Molde, Høgskulen på Vestlandet, Møreforsking og Vestlandsforsking tok initiativet til Fjordkonferansen. Fjordkonferansen skal vere ein møteplass for fagmiljøa der formidling, læring og fagleg utvikling skal stå i fokus. Hovudsamarbeidspartnar for Fjordkonferansen er Sparebanken Møre. I tillegg har Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Mørealliansen finansiert konferansen.

Fjordkonferansen skal vere ein fagleg samlingsstad for fagpersonar i FoU-institusjonane i dei to fylka og for fagpersonar i næringsliv og offentleg verksemd som arbeider med FoU-prosjekt og utviklingsprosessar. På konferansen vert aktuelle FoU-arbeid presentert og drøfta. Ein tek sikte på å utarbeide årlege antologiar der artiklar vert publisert. Fjordkonferansen vil ha nytteverdi både for kvar einskild deltakar og for dei respektive FoU-institusjonane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Fjordkonferansen 2018 er den sjette årlege konferansen i rekkja og i år er "Modellar" tema for konferansen. Arrangørane har nemnt fleire temaområde under overskrifta "Modellar" der dei inviterer til å presentere papers/artikkelutkast, idear til forskingsprosjekt, posters og andre faglege bidrag. Det er òg mogeleg å føreslå nye tema innanfor hovudtemaet.

Les meir om konferansen her.

 

Program Fjordkonferansen 2018:

 

Torsdag 21. juni 

Kl. 10.00 Matbit og registrering
Kl. 10.45 Opning: Foredrag
Kl. 11.45 Foredrag
Kl. 12.30 Lunsj
Kl. 13.30 Parallellsesjon 1
Kl. 16.00 – 18.00 Parallellsesjon 2
Kl. 20.00 Middag


Fredag 22. juni

Kl. 09.00 Forfattarprisutdeling: Foredrag
Kl. 10.00 Kaffipause
Kl. 10.15 – 12.15 Parallellsesjon 3
Kl. 12.15 Orientering om Fjordkonferansen 2019 og Avslutning
Kl. 13.00 Lunsj

Del på