Presentasjonar av ph.d.-forsking

I høgskulebiblioteket 19. februar kan du få innblikk i ferske forskingsprosjekt frå det nye ph.d.-kurset vårt i forskingsmetodar. Studentane presenterer posterar om alt frå yoga i skulen til bryllaupsdikt og etterretning.

Dei sju første ph.d.-kandidatane i HVOs doktorgradsprogram «Utdanning, språk og kultur»

Dei sju første ph.d.-kandidatane i HVOs doktorgradsprogram «Utdanning, språk og kultur» (f.v.): Anders Aanes, Christian Hansen Malmo, Kirsten Kofod Hyldahl, Rebecca Linnèa Söderström Barreng, Marianne Hustvedt, Brage Egil Herlofsen og Sondre Johan Chesney Kvamme.

Det nye ph.d.-emnet Forskingsmetodar inngår i ph.d.-programmet Utdanning, språk og kultur, men kan også takast av andre.

Kurset ved Høgskulen i Volda (HVO) går for første gong denne våren, og som ein del av kurset skal dei tolv studentane formidle forskinga si for publikum med ein munnleg presentasjon og ein akademisk poster.

HVOs aller første stipendiatar på doktorgradsprogrammet «Utdanning, språk og kultur» er mellom deltakarane.

Presentasjonane skjer i høgskulebiblioteket torsdag 19. februar kl. 9.45–10.45. Temaa spenner frå yoga i skulen og vurderingsarbeid i engelskfaget til fire hundre år gamle bryllaupsdikt og etterretningstenesta.

Ta turen for å få innblikk i rykande fersk forsking ved HVO – alle interesserte er velkomne!

 

Del på: