Lunsjarrangement: Fire store

2022-09-27T11:30:00 - 2022-09-27T12:15:00
Legg til i kalender

Professor Jan Inge Sørbø i samtale med biblioteksjef Mariann Schjeide

Blir kvinnelege forfattarar omtala annleis enn menn? Er det tilfeldig at dei såkalla «fire store» i norsk litteratur alle var menn? Kvifor er ikkje Amalie Skram ein av dei fire store? 

Dette er spørsmål Jan Inge Sørbø tek opp i boka Fire store, der han skriv om fire viktige kvinnelege forfattarar: Hulda Garborg, Aslaug Vaa, Gro Holm og Marie Takvam. Når ein les verka deira og samanliknar med omtalen i litteraturhistorier og meldingar, får ein auga på nokre interessante mekanismar som ser ut til å verka inn på kvinners vilkår som skribentar – ikkje berre på 1800-talet, men heilt opp til vår tid. 

Jan Inge Sørbø er professor i litteratur og tilsett ved Institutt for sosialfag. I 2018 gav han ut Nynorsk litteraturhistorie

Arrangementet er eit samarbeid med Forskingsdagane. Servering av kaffi, te og sveler.
 

Del på