Den raude staden - samtale om eit musikalsk-litterært prosjekt

trio
Geir Hjorhol, Andreas Barth og Lars Amund Vaage.

Lars Amund Vaage er ein av dei fremste forfattarane i Noreg i dag. I ei rekkje av bøkene hans spelar musikk ei sentral rolle både tematisk og formelt.

Dette ser vi også i valet hans av titlar: Rubato (1995), Tangentane (2005), Syngja (2012), Sorg og song (2016), Den vesle pianisten (2017). Hausten 2017 hadde Vaage og dei to musikarane Andreas Barth og Geir Hjorthol ein serie med poesikonsertar på Vestlandet. Konsertane vart tekne opp og vil kome ut på plate. 

Tekstane som vart framførte på turnéen, var henta frå Den raude staden, ei diktbok Vaage gav ut i 2014. Musikken vart improvisert fram og var dermed ulik frå konsert til konsert. Korleis fungerer ei slik blanding av ulike uttrykksformer? Må musikken nøye seg med å vere stemningsskapande bakgrunn, eller kan opplesar og musikar vere jamstilte partnarar i ein samtale? Blir opplesinga forma av musikken? Kan musikk og tekst i samspel skape ny meining? Det er slike spørsmål Vaage og Hjorthol vil drøfte i samtalen på biblioteket. 

Dette opne arrangementet inngår som ein del av den første nettverksamlinga i Forskingsgruppe for litteratur og musikk ved Høgskulen i Volda. 

Ta med matpakke og kopp, det blir servert gratis kaffi/te og kake.

Vel møtt!     
 

Del på