Boklansering: «Gudstrua, samfunnet og politikken» – om regional religiøs kultur på 1800-talet

Gudstrua, samfunnet og politikken er ei samling med vitskaplege granskingar om religiøs kultur på Nordvestlandet gjennom «det lange 1800-talet» (dvs. perioden frå den franske revolusjon til fyrste verdskrig). Boka presenterer ny regional forsking på ein omskifteleg og innhaldsrik historisk periode. Gjennom i alt ni kapittel finst stoff om mellom anna kvinner i Hauge-rørsla, politiske prestar, folkehøgskular, bedehus, emissærar, nordvestlandske «profetinner», skulehaldarar og tidlege ynglingeforeiningar.

Gudstrua, samfunnet og politikken. Forfattarar.

Frå venstre Mathias Nygaard, Marie Nedregotten Sørbø, Jan Inge Sørbø, Per Halse, Harald Johannes Krøvel og Knut-Willy Sæther. Ikkje til stades: Andreas Tjomsland, Jan Ove Ulstein og Morten Øveraas.

Den ferske antologien er resultat av eit verdifullt samarbeid mellom museumssektoren (Romsdalsmuseet) og Høgskulen i Volda (Historisk institutt og Institutt for religion og livssyn). Boka er skriven av åtte fagfolk, og dei fleste av forfattarane vil vere til stades på lanseringa i biblioteket på Høgskulen i Volda tysdag 21. april. Der vil fyrst redaksjonen kort presentere prosjektet og produktet, og så skal to av forfattarane gje nærare innsyn i kapitla som framhevar kvinnelege forkynnarar på 1800-talet.

Som vanleg vert det mot slutten gjeve høve til spørsmål og samtale.
Det blir servering av kaffi og te – ta gjerne med lunsjen din.
Velkomen!

 

Del på: