Service og samferdsel

Du som vel Service og samferdsel, vil seinare vere den som møter kundane der du arbeider. Du bør derfor vere høfleg, imøtekomande og serviceinnstilt, og du må like å ha med andre menneske å gjere. Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar. I desse bransjane står kunnskap om lover og forskrifter sentralt. Ulstein vidaregåande skule tilbyr Service og samferdsel. På Vg2 kan du velje fleire programområde innanfor sal, reiseliv, tryggleik og transport. I vår region tilbyr Ulstein vgs Sal, service og tryggleik og IKT servicefag på Vg2.