Kunst, design og arkitektur

Er du interessert i å male, teikne eller skape noko med hendene? Og ønskjer du samstundes å få studiekompetanse slik at du kan komme inn på høgskular og universitet? I så fall kan Kunst, design og arkitektur (KDA) vere det rette for deg. Du vil få arbeide med: Kunst (teikning, maling, skulptur, installasjonar m.m), Design (grafisk design, layout, produktdesign, industridesign m.m), og Arkitektur (3D-teikneprogram, perspektivteikning, bygge modellar av bygningar/hus, interiør m.m). Frå og med hausten 2018 tilbyr Volda vgs utdanningsprogrammet “Kunst, design og arkitektur”