Design og handverk

Design og handverk har stor fagleg breidde og byggjer på rike tradisjonar, både handverksmessig, materialmessig og kulturhistorisk, og det gir utsikter til arbeid i ei rekkje design- og handverksyrke. Har du kreative evner og liker å arbeide med hendene, kan design og handverk vere noko for deg. På Søre Sunnmøre kan du velje Design og handverk på Ørsta vidaregåande skule.