Studiespesialisering

Du som vel Studiespesialisering, bør like å arbeide med teoretiske fag. Andre året vel du fordjuping innanfor eitt av programområda realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høgskular og universitet. Kva programområde og fag du vel, kan avgjere om du endar opp med generell eller spesiell studiekompetanse. Vidaregåande skular som tilbyr Studiespesialisering på Søre Sunnmøre: Ulstein, Volda og Herøy avdeling Vanylven.