Informasjon til guidane

Tusen takk for at du vil vere guide på Karrieredagane i Volda!

  • Oppdrag: Guide grupper med elevar rundt på dei ulike postane på campus under Karrieredagane ved Høgskulen i Volda
  • Omfang: 16 grupper kvar dag
  • Kvar: Berte Kanutte-huset, Kaarstad-huset, Voldahallen (v/Volda vgs)
  • På førehand: Set deg inn i kva gruppenummer du har og kor ruta går. 
  • Oppmøte: Kl 9.00 ved trappa mellom kantina og Pangaia, Berte Kanutte-huset
  • Du får: Skilt, kart, tidsplan for di gruppe
  • Organisering: Elevane veit på førehand kva gruppe dei skal vere på. Dei får beskjed når dei skal finne guiden sin. Kvar gruppe er på 20-24 elevar, pluss lærarar
  • Hugs: Kle og sko du kan gå ute i regnet med
  • Ferdig for dagen: Ca kl 15.00