– Heile fagfeltet var interessant
Oddbjørn Hasund Øvrelid tok elektro rett og slett fordi det virka interessant, verken meir eller mindre. Han gjekk Vg1 på Ulstein vgs, deretter tok han Vg2 Dataelektronikk på Borgund vgs. Det var kjekt. Men allereie på Vg1 hadde Oddbjørn begynt å snuse på å ta eit Vg3-år i Romteknologi på Andøy vgs.
![]()
|
– Heile fagfeltet var interessant. Det faget eg hugsar best er Telemetri som gjekk føre seg på rakettfeltet. Telemetri er å hente ut måledata frå et fjernt objekt slik som ein drone, rakett eller satellitt. Kvart år er elevane blant anna med på å bygge og skyte opp ein rakett. Det var lærerikt og kjekt! Vi fekk lære både om kartografi, elektronikk, rakettar og fysikk dette skuleåret.
Hadde du nokre favorittfag?
– Eg trudde ikkje at eg kom til å kome inn, sidan det er ei landslinje, det vil seie at det berre er på Andøy vgs du kan ta dette året. Men eg kom inn. Du må ha arbeidsvilje og du må vere klar for å ta i eit tak sidan det er uvanlig lange skule dagar. Når det gjeld mørketida, er ikkje det så gale om ein passar på å få i seg nok D-vitamin.
Etter endt Vg3 begynte Oddbjørn på Høgskulen i Narvik, der han tok ein bachelor i Satellitteknologi. I lesande stund er han i Trondheim og tek ein master i Electronic Systems Design. Og det, min gode 10.klassing, det er det Oddbjørn verkeleg elskar. Han skal jobbe med design av microchippar. Du finn microchippar overalt, i mobilar, i TVen, i høgtalaren… Har det ein stikkontakt eller eit batteri så er sjansen stor for at det har ein eller fleire microchippar i seg.
Har du nokre tips til årets 10.klassingar?
– Les deg opp på mulegheitene, ikkje begynn rett før du søker, men bruk heller litt tid på å sjå på mulegheitene. Søk på det du har lyst til å søke på, sjølv om du kanskje trur at du ikkje kjem til å kome inn. Hugs at dei er lovpålagt å gi deg ein plass!
