Elektrofag
Elektrofag kan føre fram til eit mangfald av yrke innanfor installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du som vel elektrofag, bør ha eit godt fargesyn og kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk. I tillegg bør du vere serviceorientert. For å kunne løyse konkrete oppgåver og utvikle nye produkt, er kreativitet og logisk tenkjemåte viktig. På Søre Sunnmøre er det Ulstein og Ørsta vidaregåande skule som har utdanningsprogrammet elektrofag.