Karrieredagane 2021

2021-09-29T08:00:00 - 2021-09-30T16:00:00
Legg til i kalender

Karrieredagane 2020 vart gjennomført digitalt, men vi håpar at arrangementet i år kan gjennomførast på vanleg måte med fysisk oppmøte. Høgskulen og Voldahallen har tidlegare vore lokasjonar for Karrieredagane, men vi har i år valt å flytte arrangementet til Ørstahallen, der det er større plass med omsyn til smittevern.

Karrieredagane er initiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og målsettinga er å gi avgangselevar i grunnskulen eit realistisk og levande bilete av ulike utdanningsvegar og karrierevegar. Karrieredagane skal også gi elevane god informasjon om regionalt næringsliv og vere ein motivasjonsfaktor for å få ungdom til å velje utdanningsretning og yrke som finst i eigen region. 

Det er venta at ca 800 grunnskuleelevar vil besøke arrangementet, som er ein del av faget «Utdanningsval» i grunnskulen. Elevane skal få kjennskap til 15 utdanningsprogram og ulike yrkesvegar desse kan gi: Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, Handverk, design og produktutvikling, Helse- og oppvekstfag, Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Naturbruk (studieførebuing Vg3), Restaurant- og matfag, Sal, service og reiseliv og Teknologi- og industrifag.
Det vil i tillegg vere ein eigen post for høgare utdanning i Møre og Romsdal (Høgskulen i Volda, Høgskulen i Molde, NTNU).
 

Del på