Karrieredagane 2020 (digitalt arrangement)
Karrieredagane 2020 på Søre Sunnmøre vert arrangert i samarbeid med sentrale aktørar frå utdanning, arbeidsliv, kommunar og organisasjonar.
Alle 10-klassingar i grunnskulane er invitert til arrangementet. Elevar i vaksenopplæringa i kommunane som er søkjarar til vidaregåande opplæring hausten 2021 er også invitert. Høgskulen i Volda er koordinator for Karrieredagane, og tilbyr i år eit digitalt arrangement på grunn av Corona-pandemien.
Målsettinga med karrieredagane er:
Alle avgangselevar frå grunnskolen skal få eit realistisk og levande bilete av utdanningsvegar og arbeids- og karrierevegar i Møre og Romsdal
Karrieredagane skal gi dei unge ein sjanse til å finne ut meir om mangfaldet i regionalt næringsliv, både i privat og offentleg sektor
Arrangementa skal vere ein motivasjonsfaktor for å få ungdom til å velje utdanningsretning og yrke som finst i eigen region
Arrangementa skal gi betre kjennskap og refleksjon i høve til utradisjonelle yrkes- og karrierevegar på tvers av kjønn og etnisk bakgrunn
Prosjektkoordinator for Søre Sunnmøre:
Torill Engeseth, e-post torill.engeseth@hivolda.no, mobil 45806705