Julegraut og juleverkstad

Har du lyst å kome litt i julestemning i eksamenstida? I kantina på BK kan du tysdag 7. desember få gratis julegraut, lytte til julemusikk, ta ei pause frå eksamenslesinga og prate med dine medstudentar – og kanskje også få utløp for litt kreativitet eller sende ei helsing til nokon du er glad i? 

På borda øvst i kantina vil det stå bokser med spørsmålskort som ein kan ta utgangspunkt i, og på borda nedst i kantina er det juleverkstad med muligheit for å lage seg litt julepynt og julekort – og ete julekaker. Om du legg kortet i ein konvolutt og skriv adressa til den du vil sende det til, så spanderar vi portoen og sender det avgårde for deg 😊

P.S. I grauten skjular det seg nokre mandlar og vi har flotte mandelpremiar!

Del på: