Informasjonsmøte på nett - søknadsfrist 15. april
Vel møtt til digitalt informasjonsmøte 1. april kl 17.00! Her vil studentane våre gi ei innføring i studietilbodet vårt, vise deg campus og fortelje om studiekvardagen sin og kva studiebygda Volda har å by på!
Har du møtt oss på Utdanningsdagen, på utdanningsmesse, eller har du hatt besøk av oss på skulen din? Er du framleis nysgjerrig på Høgskulen i Volda, men har ikkje heilt bestemt deg? Eller kanskje du er ein føresett eller rådgjevar, eller rett og slett berre lurer på kva bachelorar, årsstudium eller lærarutdanningar vi har i Volda?
Velkomen til digitalt informasjonsmøte 1. april kl 17.00!
Studentane våre gir ei innføring i studietilbodet vårt, viser deg campus og fortel om studiekvardagen sin og kva studiebygda Volda har å by på!
Søknadsfristen til høgare utdanning er 15. april - Velkommen til Volda!
Gå direkte til møtet:
https://hivolda.zoom.us/j/66909635233?pwd=h7axLQNjAuYaTBX5Rqf87wURl13tya.1
- Møtet varer i om lag 30 minutt
- Om du skal følgje møtet på mobil, må du laste ned appen Zoom Workplace.
- Dersom du må oppgi ID og passord til møtet er det:
- Møte-ID: 669 0963 5233
- Passord: 141864
Andre digitale informasjonsmøte i april:
- Måndag 7. april kl 15.30-16.00: Masterutdanningar:
- Helse og sosialfag
- Samfunnsplanlegging og leiing
- Barnevernsarbeid
- Tysdag 8. april kl 17.00 - 17.30: Bachelor i Sosialt arbeid (barnevernspedagog og soionom)
- Tysdag 8. april kl 17.00-17.30: Bachelor i historie og Master i Kulturmøte
- Onsdag 9. april kl 17.00-17.30: Bachelor i samfunnsutvikling
Meld deg på informasjonsmøta 7. - 9. april her.