Betal meg

Høgskulen i Volda nyttar Direktoratet for økonomistyring (DFØ) si sjølvbetjeningsløysing for honorarmottakarar. Elektronisk innsending av krav bidreg til betre og enklare handsaming, og dermed raskare utbetaling til deg som oppdragstakar.

Dette er ei sikker løysing da pålogging skjer via din tilgong til ID-porten.  
Innlogging til løysinga finn du her.

eller du kan velje å legge til krav i DFØ appen.
 

HVO betaler tilsvarande det du mottek frå hovudarbeidsgjevar, men avgrensa opp til og med lønnssteg 75. (Dette må dokumentrast med f.eks. lønnsslipp.)
Dersom du ikkje har timesats på di kontrakt, kan du finne dette i tabellen:

 

Dersom du ikkje er kjend med løysinga sjå denne brukarrettleiinga først: 

Brukarrettleiing  for løysinga   


Betaling for sensuroppdrag - slik går du fram

Denne rettleiinga gjeld for ordinær sensur ikkje klagesensur.

Grunnlag for utbetaling med informasjon som må vere tilgjengeleg for opplasting, før du begynner prosessen

•    Kontrakt utfylt med tal oppgåver sensurert, tal timar det vert krevd løn for, timesats og sum (Lønnsslipp for dokumentasjon av lønnstrinn må også lastast opp.)

•    Vurderingsprotokoll frå Inspera med tall på oppgåver sensurert

Ditt krav  i DFØ skal vere:

Tall timar godgjort pr. eksamen x Timesats x Tall oppgåver sensurert

Ved spørsmål knytt til oppdraget,  vend deg til din kontaktperson ved høgskulen. 

Når du har logga inn i løysinga:

1.    Velg «Registrer godtgjørelser»

2.    Klikk «Lag ny» (nede til venstre)

3.    Formål – legg in Sensur og Emnekode 

4.    Klikk på «Legg til godtgjørelse» for å registrere ny post

5.    Fyll inn «beskrivelse» - Tal på oppgåver sensurert i + emnekode 

6.    Fyll ut lønnart som står i di kontrakt 

7.    Fyll ut sum (ingen timer eller timesats skal registrerast)

8.    Trykk OK  nede til høyre

9.    Klikk på «Trinn 3» når du er ferdig

10.    Klikk på «Legg til vedlegg» og last opp digitalt signert Kontrakt du fekk tilsendt i e-post eller digipost og Vurderingsprotokoll du tek ut frå Inspera

11.    Skriv i merknadsfeltet kontaktpersonen du har ved HVO 

Dersom det er feil i eit krav, vert kravet returnert til deg. Det er difor viktig at ein følgjer instruks for utfylling.
 
Ved tekniske spørsmål ta kontakt med DFØ sitt kundesenter