Lån av bøker
Det er no mogeleg å låne bøker frå HVO, dersom det ikkje finst digitale alternativ.
Studentar og tilsette kan bestille ledige bøker fra HVO si boksamling ved å sende e-post til skranke@hivolda.no
Sjekk først i Oria om materialet du ønskjer er tilgjengeleg.
NB! Det er ikkje mogeleg å setje seg på venteliste på bøker som er utlånt.
Du blir kontakta når bøkene er klar for henting.
Bibliotektilsette vil etter nærmare avtale setje det du har bestilt utanfor den hovudinngangen på Berte Kanutte som ligg nærmast biblioteket. Du hentar posen.
Studentar som er busette utanfor Ørsta- og Volda-området kan få bøkene tilsendt i posten, men vi sender ikkje bøker til utlandet.
NB! Du skal ikkje returnere bøker før HVO opnar som vanleg.
Hugs smittevern!
Er du i karantene eller i isolasjon, må nokon andre hente bøkene du har bestilt.
Dei tilsette i biblioteket handterer bøker og anna materiale ut frå gjeldande smittevernreglar.