Infomøte for studentar: engasjer deg i Studentparlamentet

Engasjert student? Meiner du mykje om mangt? Bli med på infomøtet til Studentparlamentet! Vi serverer pizza medan du får vite alt du treng om korleis du kan bli ein del av studentdemokratiet i Volda. 

val i Studentparlamentet

I parlamentet jobbar vi med alt frå studentvelferd, læringsmiljø, studenthelse, Høgskulen sin miljøprofil, lågterskel sosiale tiltak og alt anna som kan gjere studentkvardagen i Volda endå betre. Det er sosialt og lærerikt å vere med, og det tek ikkje mykje tid. Vi har berre sju møter i året, ca eit i månaden.

Som medlem representerer du studentane ved di avdeling. I tillegg kan du engasjere deg i eit av høgskulen sine utval eller styrer, eller bidra i ulike arbeidsgrupper og prosjekt. Vi jobbar også med nasjonal studentpolitikk gjennom NSO - Norsk studentorganisasjon, deltek på kurs og samlingar, er med i nettverket av høgskular og universitet på Vestlandet, og jobbar med internasjonal solidaritet gjennom medlemsskapet vi har i organisasjonen SAIH - Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond. 

På møtet blir det gratis pizza, og du får vite meir om studentdemokratiet og korleis du kan vere med og påverke. Du kan stile til val fram til 8. september, og valet føregår digitalt i perioden 12.-16. september. 

Velkomen! 

Del på: