Var med då fredsprisvinnaren vart kjend

Text: Per Straume

- Updated

Søndag 10. desember vert Nobels fredspris delt ut til ICAN. Då organisasjonen, som arbeider for forbod mot atomvåpen, vart internasjonalt kjend under ein konferanse i Oslo i 2013 var tre fagtilsette ved Høgskulen i Volda involvert.

Når fredsprisen delast ut til the International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN) i Oslo rådhus på søndag, sit førsteamanuensis Thomas Lewe, dosent Gunnar Strøm og professor Magnar Åm med ei spesiell kjensle. I mars 2013 hadde dei gleda av å bidra i ein ICAN-konferanse som var kopla saman med ein anna konferanse initiert av Utanriksdepartementet, ved dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre – begge med fokus på dei humanitære konsekvensane ved bruk av atomvåpen.

Meir enn kulturprosjekt

Som ein del av det norsk-japanske kulturelle prosjektet PicaDon komponerte Magnar Åm verket «Vil denne augneblinken nokon gong sleppe taket?», som vart framført i Oslo rådhus under konferansen. Thomas Lewe var betalt av Utanriksdepartementet for å lage ein informativ kunstnarisk gjennomgang av konsekvensane av atomvåpen i eit historisk perspektiv, og hadde utstilling ved hjelp av fem skjermar på hotellet Oslo Plaza under konferansen.

Utstilling av Thomas Lewe

– Det var under denne konferansen ICAN vart ordentlig kjend i verda og fekk internasjonal merksemd, seier Gunnar Strøm og held fram:

– ICAN ga oss eit løft ved å involvere oss i konferansen, og vi ga vonleg arrangementet deira eit løft med våre bidrag. Det beste er kjensla av at ein har vore med på å lage noko meir enn ein konsert og eit kulturprosjekt.

Strøm får følgje av komponist Åm, som minnes konserten i Oslo Rådhus godt.

– Det er meir enn eit kunstnarisk uttrykk, det blandar seg inn i noko politisk globalt. Det er enklare å sjå no enn det var då. Heile komposisjonen tek ikkje berre utgangspunkt i katastrofen med atombomba i Hiroshima i 1945, men også i dei positive kreftene som har oppstått i kjølvatnet for at det ikkje skal hende igjen. Nokon år seinare ser vi korleis den energien har vakse med ICAN, og no har ICAN også fått FN med på laget. Det er fint å kunne sjå at ein har vore ein del av det, og det viser også at kunsten handlar om realitetar, seier Åm.

Blanda USA og Japan

PicaDon-prosjektet sprang ut av kontakten Høgskulen i Volda hadde med Japan, spesielt knytt til animasjonsmiljøet ved høgskulen og Gunnar Strøm. Prosjektet var inspirert av den animerte dokumentarfilmen PicaDon frå 1979 laga av Renzo og Sayoko Kinoshita frå Japan, som handlar om atombomba som vart sloppe over Hiroshima 6. august 1945.

Strøm og Åm reiste fleire gongar til Japan i samband med prosjektet. På den eine reisa fekk Åm inspirasjon til verket sitt i ein av dei mange spelehallane i landet. Støyen i eit slikt lokale, og lyden av kvekkande padder frå ein ferie i Florida, vart ein del av verket.

– Det vart eit spesielt uttrykk når eg fekk det med i komposisjonen. Samstundes var det eit anna poeng bak ideen; det var tross alt USA som sleppte bomba over Japan, men no fekk dei vere konstruktive medspelarar i same komposisjon, fortel Åm.

Ei anna inspirasjonkjelde til verket var diktsamlinga «Sorgen. Sangen. Veien» av Jan Erik Vold. Den anerkjende diktaren var med under konsertane og presenterte to av dikta som ein del av verket. Volda Vokal, eit kor Åm dirigerer og som Strøm syng i, var også med på framføringa under konferansen i Oslo 2013 og fleire andre konsertar i mellom anna Japan. I tillegg var det artistar frå Australia, Danmark og Norge og dansarar frå Japan og USA.

Sjå filmen som vart spelt inn av verket her.

Konserten i Oslo rådhus 2013

Etter framføringa i Oslo rådhus skreiv avisa Vårt Land mellom anna følgande i si melding: «Klagesangen har til alle tider vært en vegg mot utslettelse. Slik også i Oslo rådhus, hvor sangere, musikere og dansere fra fire verdensdeler gjorde det enorme rommet til et magisk sted for alvor og skjønnhet. Magnar Åm bruker skjønnheten som skjold, den er vel egnet til å møte motløsheten og frykten. Skjønnheten er uimotståelig, akkurat som Åms musikk var det denne kvelden.»

Sterke inntrykk

Seinare i 2013 var prosjektet ein del av det offisielle programmet under minnemarkeringa av tragedien i Japan under den andre verdskrigen, og hadde konsertar i Hiroshima, Kyoto og Tokyo.

– Det gjorde sterkt inntrykk då vi møtte overlevande etter atombomba under eitt av besøka vi hadde i Japan. Vi fekk høyre om utenkelige smerter og konsekvensar, vi hugsar enno avtrykket av eit menneske som var smelta på ei trapp. Ein av dei overlevande vi møtte arbeidde for kampen mot atomvåpen, seier Strøm og Åm.

Dei er opptatt av konsekvensane av denne typen våpen og har sine tankar når fredsprisen vert delt ut.

– Gjennom prosjektet vårt fekk vi sjå konsekvensane etter bruk av atomvåpen. Dei er så forferdelege, difor er tildelinga av prisen heilt på sin plass.

Setsuko Thurlow var 13 år då bomba smalt i 1945, søndag vil ho ta imot fredsprisen på vegne av ICAN. Sjå ein film med Thurlow her.

Share on