HVO-historie. Treng vi det?

Henrik Kaarstad-huset
Henrik Kaarstad-huset

Dei kommande åra er ei rekkje jubileum for Høgskulen i Volda (HVO). I 2019 er det 25 år sidan Høgskulen i Volda blei til, gjennom fusjonen mellom DH-skulen og Volda Lærarhøgskule (1994). I 2020 er det både 125 år sidan Volda lærarskule vart starta, og 50 år sidan Møre og Romsdal Distriktshøgskule i Volda vart starta. På oppdrag frå rektor inviterer Historisk institutt til seminar om høgskulehistoria, med ei rekkje fagfolk som har arbeidt med emnet. 

Formålet med seminaret er å drøfte korleis ein ved HVO kan markere desse jubilea. Bør det skrivast eit jubileumsverk, korleis kan det leggast opp og kva bør då vere temaet. Heile historia om Volda som lærestad, eller noko meir avgrensa ved historia til lærarhøgskulen, distriktshøgskulen eller den samla høgskulen som vart skipa i 1994? Seminaret vil også ta for seg kva vi har av kjelder til historia i Volda.

I samaband med seminaret har biblioteket laga ei utstilling om HVO og lærarskulen si historie, med døme på publikasjoner frå foredragsholdarane.

Program:

  • Opning  av seminaret ved rektor Johann Roppen
  • Professor emeritus Oddbjørn Melle (Høgskulen i Volda)
    På tide med høgskulehistorie?
  • Professor Hilde Gunn Slottemo (Universitet i Nord)
    Et HiNT av kunnskap. Noen tanker om å skrive høgskolehistorie
  • Historikar Kim Helsvig (Norsk arbeidsmandsforbund)
    Universitetshistorie – er det mulig?
  • Høgskulelektor Kari Hasle (Høgskulen i Volda)
    Kva med kjeldegrunnlaget? Arkiv- og samlingsforvaltning ved HVO
  • Lunsj med diskusjon i grupper
  • Oppsummering og paneldebatt

For å kunne berekne bestilling av lunsj, ønsker vi at du melder deg på via påmeldingsknappen. 

Frist for påmelding: Tysdag 4. september kl 16.00.

Velkomne til ope seminar!

Med helsing, 
Historisk institutt, HVO

Del på