Høgskulens adventskonsert 2020

2020-11-26T19:00:00 - 2020-11-26T21:00:00

Høgskulen i Volda har ein lang tradisjon for å helsa Adventstida velkomen med den årlege Adventskonserten i Volda kyrkje.

I år er det mykje som er annleis grunna koronapandemien, men med alle forbehold vil studentane halde denne tradisjonen i hevd. Torsdag 26. november kl. 19:00 vil det vere stemningsfull musikk å høyre framført av høgskulekoret, ulike ensemble og enkeltstudentar som tek årsstudium eller bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda. Repertoaret spenner frå tradisjonelle julesongar til nyare stykke.

Smittevernreglar vert tekne omsyn til.

Gratis inngang, maks. 50 personar. 

Vil du sikre deg plass, send namn og tal personar til mobilnummeret 99315274 – då får du stadfesting om at du er registrert mellom dei femti, eller om det er fullt.

Facebook-event

Del på