Stor auke i søkjarar til Digital kompetanse i læring

Text: Terese Balsnes

- Oppdatert

Høgskulen i Volda opplever i desse dagar ein så kraftig auke i søkjarar til tilboda i Digital kompetanse i læring (DKL) at det skal fyllast inntil tre nye stillingar frå hausten.

– Vi har utvikla nye studiemodellar og studietilbod i eit svært vellukka samarbeid med Ulstein og Volda kommunar, og vi ser effekten av mellom anna dette no, seier Synnøve Amdam, koordinator for DKL ved høgskulen. I både Ulstein  og Volda har lærarane vidareutdanna seg gjennom eit arbeidsplassbasert studieopplegg på fem studiepoeng per semester, med fokus på pedagogisk bruk av digitale ressursar og verktøy. – Den såkalla «Ulstein-modellen» har ført til stor interesse frå skulesektoren om samarbeid om etter- og vidareutdanning, og vi trur denne interessa også har ført til det tredobla søkjartalet på nettstudiet vår, seier Amdam.

Synnøve H Amdam

Koding i skulen er eitt av fem emne i det nettbaserte studieprogrammet Digital kompetanse for læring, som er retta mot pedagogar i barnehage og skule. Emnet er utvikla ut frå samarbeidet med Ulstein kommune, der ein har fokus på koding allereie frå småskulen. Formålet med nettstudiet er at pedagogane skal kunne bruke digitale verktøy på ein meir kreativ og målretta måte. Dei ulike emna tek føre seg digital kompetanse frå kvar sine perspektiv, og utgjer til saman ei heilskapleg forståing for korleis digitale verktøy kan implementerast i læring. – Nettstudiet er praksisnært og svært fleksibelt, fortel koordinator Amdam. – Om ein vil ta eitt eller fleire emne er opp til ein sjølv, og ein kan setje saman emna slik det passar ein sjølv best, fortel ho. Kvart emne er på femten studiepoeng.

Høgskulen er ein spydspiss innan digital kompetanse

Synnøve Amdam

Med bakgrunn i mellom anna søkjartala og nye samarbeidsprosjekt ønskjer Høgskulen i Volda no å utvide staben med inntil tre stillingar i det digitale kompetanse-miljøet.  – Det er svært gledeleg og veldig spennande med auka interesse for digital kompetanse i skuleverket, seier Synnøve Amdam. – Dei som vert tilsett skal også bidra inn i prosjektet DigiGLU (Digitalisering av grunnskulelærarutdanninga), som vi på Avdeling for mediefag driv fram saman med Grunnskulelærarutdanninga, fortel Amdam. DigiGLU skal vere med på å gi grunnskulelærarstudentane ved Høgskulen i Volda ei framtidsretta og praksisnær utdanning der digital kompetanse er ein naturleg del i alle fag. – Det er ikkje tvil om at høgskulen er ein spydspiss innan digital kompetanse, og at vi i framtida har både tilsette og studentar som sit i førarsetet på området, avsluttar Synnøve Amdam, koordinator for DKL og prosjektleiar for DigiGLU ved Høgskulen i Volda.

Les meir:

Del på