Det nye mediehuset er ute på anbod

Tekst: Per Arne Brandal , Foto: Det nye mediehuset skal stå klart i 2020.

- Oppdatert

Det nye mediehuset vil samle heile «mediefamilien» ved Høgskulen i Volda i eit framtidsretta og moderne bygg.

– Dette er eit nytt og viktig steg i retning av realisering av det nye mediehuset, seier rektor Johann Roppen.

Medieutdanningane i Volda har heilt sidan 1970-åra vore attraktive i nasjonal samanheng. Gjennom ei praktisk orientert utdanning og nært samarbeid med arbeidslivet har «voldamodellen» vorte retningsgjevande også for andre medieutdanningar i Noreg.

Avdeling for mediefag tilbyr seks bachelorprogram: Journalistikk radio/TV, journalistikk nett/avis, PR og kommunikasjon, medieproduksjon, mediedesign og animasjon. Avdelinga har også årsstudium, og HVO sin einaste internasjonale grad: Master in Media Practices. Journalistutdanninga vart nyleg rangert som landets beste.

Avdeling for mediefag har stor internasjonal  utveksling og har omfattande ekstern praksis, mellom anna i norsk mediebransje og i USA.

HVO husar og andre profesjonsutdanningar som er spesielt viktig for velferdsstaten. Medieutdanninga samhandlar med lærarutdanninga og helse- og sosialutdanningane ved HVO. Etter at lærarutdanninga vart femårig master inngår til dømes fagfolk frå mediefag i lærarutdanninga, noko som i vår medie- og skjermstyrte kvardag er heilt sentralt for framtidas lærarutdanning.

Lenke til Doffin.

 

Mediehuset på campus

Tal og fakta

- Innflytting 2020
- Undervisning
- Forsking
- Etter- og vidareutdanning
- FutureLab
- Konferansar
- Kurs og seminar

500 studentar | 50 tilsette | 4300 kvm

 

 

Del på