Bli med å skape ei spesiell musikkoppleving

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Har du lyst å vere med i høgskulekoret når dei saman med Opera Nordfjord skal halde konsertar med musikk frå dataspel? Alle studentar og tilsette er velkomen til første øving onsdag 10. januar.

Høgskulekoret skal på konsertturné saman med koret Stemt frå Volda og Opera Nordfjord med spelmusikkonseptet SCORE frå Sverige. På programmet er musikk frå fantasyspel som World of Warcraft, Skyrim og Halo. Spelmusikken skildrar kampen mellom det gode og det vonde og er både vakker og lidenskapeleg, men det er sjeldan ein får oppleve denne musikken ‘live’. Helga 2.-4. mars kan ein få med seg spelmusikken framført av eit samansett kor, operaorkesteret og  sopransolist Sabina Zweiacker, dirigert av Michael Pavelich. Spelentusiast og rockar Orvar Säfström er konferansier.

– Dette føyer seg inn i rekka av gode prosjekt vi har hatt. Det spesielle med dette er at det er ein turné, der ein får opptre på kjende scener, seier Elizabeth Oltedal og Magnar Åm ved musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda.

Siv Aurdal (f.v), Magnar Åm og Elizabeth Oltedal

Siv Aurdal (t.v.) er dirigent for Stemt, medan Magnar Åm og Elizabeth Oltedal har ansvaret for høgskulekoret.

Høgskulekoret har behov for fleire songarar og håpar å få med seg rundt 50 songarar i koret til dette spesielle prosjektet.

Høgskulekoret er til for alle på høgskulen, ikkje berre dei som studerer musikk. Vi vil ha med studentar og tilsette med ulik bakgrunn

Elizabeth Oltedal og Magnar Åm

Det vert øving kvar onsdag frå 14.00 til 16.00 fram mot turneen som går til Sogndal (2. mars), Nordfjordeid (3. mars) og Ålesund (4. mars). Dei som vil vere med er hjarteleg velkomen til første øving i Konsertsalen i Henrik Kaarstad-huset onsdag 10. januar klokka 14.00.

Ta kontakt med Elizabeth Oltedal eller Magnar Åm om du har spørsmål.

Her kan du lese meir om konsertane.

Del på