Historisk institutt fyller 50 år – Jubileumsseminar
Hausten 1972 vart dei første studentane – sju i talet – tekne opp på historiestudiet ved Distriktshøgskulen i Volda. Det som starta som eit tilbod i lokalhistorie vart etter kvart til eit allment historiestudium på høgskule- og universitetsnivå. Dei siste 20 åra har nettstudiar fått ein sentral posisjon ved instituttet, noko som gjer at instituttet i dag har ansvaret for utdanninga av fleire hundre historiestudentar. Forsking har dessutan heile tida vore ein berebjelke for aktiviteten ved instituttet, og her kan det vere grunn til særleg å trekkje fram aktiviteten innanfor lokal- og regionalhistorie. I 2011 fekk instituttet høgskulen sin forskingspris.
Jubileumsseminaret har fått tittelen Grenseområde og kontaktsoner, og både tilsette ved instituttet og innbodne fagfolk vil halde innlegg. Seminaret vil danne utgangspunkt for ein antologi som er planlagt publisert hausten 2023. Alle er hjarteleg velkomne på seminaret!
Seminar del 1: Grenseområde og kontaktsoner i eldre tid
10.00-10.15 Innleiing: Om markering og antologi
10.30-11.00 Sefik Peksevegen: Empowering Relations and Creation of Political Space in Early Modern Monarchies
11.00-11.30 Ian Peter Groshe: Insulær kontaktsone: Færøyene mellom Norge, Danmark og Tyskland, ca.1520-1550
11.30-11.40: pause
11.40-12.10 Terje M. H. Joranger: Landtaking and Community Building in Wisconsin
12.15-13.15 pause
Seminar del 2: Grenseområde og kontaktsoner i nyare tid
13.15-13.45 Inger Marie Okkenhaug og Harald Johannes Krøvel: Kontaktsoner og kulturmeglere i norsk og internasjonal kontekst
13.45-14.15 Susann Holmberg: Grensesetting i uavklart landskap. Seksuelt misbruk av barn før seksuell lavalder
14.15-14.45 Chalak Kaveh: Rigide mellomstatlige grensetraktater for porøse grensesoner
Kaffipause 14.45-15.00
15.00-15.30: Åsmund Svendsen: Nasjonalitet og identitet – grenser og kontaktsoner i Halvdan Kohts amerikanske reise 1908-1909
15.30-16.00 Eirik Holmen: Skipsbyggerienes landsforening 1940-1945, en kontaktsone mellom verft og okkupant