Haustkonsert, Symfoniorkesteret: Ein hyllest til Beethoven

Symfoniorkesteret skal ha konsert på BK søndag 30. oktober med fleire flotte verk frå Romantikken. Hovudverket på programmet er Beethovens Klaverkonsert nr 1 i C-dur, Op 15, med solist Frode Skag Storheim. Orkester og solist var klar til å framføre dette verket i mars 2020, då Covid-19 slo til og alt det kunstnarlege vart satt på vent.  Ny konsert vart planlagd hausten 2021, men igjen vart det lockdown og avlysing. No, endeleg, kan vi ønskje publikum velkomen og love ein sprudlande konsert med musikk av både Beethoven, Rossini, Glazunov og Bizet.

Billettsal ved inngangen:

Vaksen: 250 kr

Student: 150 kr

Born: Gratis

 

Huskonsert med symfoniorkesteret

 

Del på: