Haustkafé: Kick-off psykisk helse-månad
Torsdag 3. oktober er det kick-off og lansering av programmet for psykisk helse-månad, samt at vi varmar opp til at psykolog Peder Kjøs kjem til Rokken studenthus for foredrag og sofaprat samme kveld!
På Høgskulen i Volda markerer vi verdsdagen for psykisk helse med ein heil psykisk helse-månad og arrangement kvar torsdag i oktober. Årets tema er «Gi tid» og kvar torsdag i oktober blir det haustkafè med gratis lunsj til studentane. Haustkafèen vil ha fokus på å gi tid både til måltidet, den gode samtalen og det å vere saman her og no.
PS! Alle arrangement under psykisk helse-månad er gratis, utan påmelding og dei aller fleste har gratis mat ;-)