Haustkafé: Her og no

Denne torsdagen blir Haustkaféen i Kaarstadstova/Kaarstad 100 då det vert arrangert Utdanningsdagane i kantina på BK. Vi serverar gratis mat mellom kl. 10-13. Så du vel sjølv om det er frukost, lunsj eller brunsj!

Så kom innom og få deg varm og god suppe, set deg ned eller ta den med :-) Det viktige er at du har fokus på "her og no" og tek deg tid til nyte suppa meda ho er god og varm! Det er også Halloween denne dagen, så kanskje har vi noko knask (eller knep?) å by på?

På Høgskulen i Volda markerer vi verdsdagen for psykisk helse  med ein heil psykisk helse-månad og arrangement kvar torsdag i oktober.
Årets tema er «Gi tid» og kvar torsdag i oktober blir det haustkafè med gratis lunsj til studentane. Haustkafèen vil ha fokus på å gi tid både til måltidet, den gode samtalen og det å vere saman her og no.  

PS! Alle arrangement under psykisk helse-månad er gratis, utan påmelding og dei aller fleste har gratis mat ;-)

Del på: