Harem - ikkje eit sexparadis
Eit harem blir ofte assosiert med glamorøse palass med lettkledde kvinner som står på rappen for å tilfredstille herskaren sine seksuelle behov. - Det var gjerne hundre kvinner fordelt på ein mann, så ein kan tenkje seg kor mykje sex det vart på kvar enkelt fortalte Marte Bogen Sinderud på foredraget "Haremets nakne sannhet".
Av: Informasjon og media, informasjonspraksis

Inngangen til palasset i Ngaoundere. Bildet tatt i 1948. Fra Archives
Nationales de France, Centre des archives d'outre-mer.
Marte Bogen Sinderud er tilsett ved Historisk institutt ved Høgskulen i Volda, og kom i vår ut med doktoravhandling; "Maccube Laamiido: Royal Slavery in Ngaoundere, Northern Cameroon, c. 1900-1960."
Sinderud har i mange år forska på dette, og trudde det å vere kvinne ville vere eit hinder i forskinga. Dette viste seg å vere heilt motsatt. Kvinner vart ikkje tatt like alvorleg som menn, og hadde då lettare for å få sensitiv informasjon.
Sinderud møtte sultanen Issa for første gong i 1992. Issa var herskar i sultanatet i Ngaoundere i den nordlege delen av Kamerun. Sinderud har etter det første møtet, møtt han fleire gongar.
- Då sultanen kom til Oslo fungerte eg som personlig paraplyberar. Dette opna nok eit par dører smilte Sinderud. Etter dette fekk ho løyve frå sultanen til å kome inn i sjølve palasset og intervjue kvinnene i haremet til Issa.
Lite sex
- Vi forbinder gjerne slaveri med jordbruksarbeid, men i eit harem utøvde slavar ulike oppgåver i palasset, forklarte Sinderud.
Det er lett å tenke seg at sex vart sett på som tvang. Men mange som Sinderud intervjua kunne fortelje at det var lite sex.
- Nokre av kvinnene hadde ikkje hatt seksuelt samkvem med sultanen. Lite sex førte til at det var vanskeligare å bli gravid, og mange såg på sex som eit sakn. Å ha sultanen sin gunst vart sett på med glede.
Livet i eit harem
Livet til kvinnene i eit harem var lite glamorøst. Dei laga mat, rydda og hadde meir ei husmorsrolle enn å være sexslavar. Gjennomsnittkvinna levde tjue til tretti år av liva sine i haremet.
- Dess høgare status du hadde i haremet, dess mindre fritt fekk du bevege deg fortalte forskaren.
I eit harem var der tre type kvinner. Dette var konene, konkubiner og dei kvinnelege arbeidarslavane. Sultanen hadde lov til å ha opptil fire koner. Desse hadde høg status. Vidare kunne sultanen ha så mange konkubiner som han sjølv ynskja. Konkubinene fødde barn og oppdrog dei og fungerte som ryggrada i sultanatet. Konene og konkubinene var kvinner som sultanen hadde rett til å ha seksuelt samkvem med, og desse fekk ikkje forlate haremet. Dei hadde lite kontakt med resten av verda, men kunne få besøk av kvinnelege slektningar. Dei kvinnelege arbeidsslavane hadde ikkje sultanen rett til å ha sex med, og dei fekk bevege seg fritt utanfor palasset.
Når ein sultan døde, ville barna til konkubinene bli fri. Dette betydde at dei kunne flytte ut av palasset og gifte seg med ein muslimsk mann. Sønene til konkubinene kunne vakse opp til å bli sultan. Mange sultanar slutta etterkvart å gifte seg, og hadde berre konkubiner.
Kjelde: foredrag av Marte Bogen Sinderud