Handteikna lyd for oscilloskop
Trygve Selnes Nielsen har funne opp ein heilt ny måte å skape musikk på, der lyden vert generert frå enkle strekteikningar. 25. april inviterer han og tonehimmel til animasjonskonsert med handteikna lyd og oscilloskop.

Trygve Selnes Nielsen er animatør og komponist busett i Volda. Han jobbar på Høgskulen og prosjektet bak konserten er ein del av den kunstnariske doktorgraden hans. Konserten er eit improvisert kunstverk, der lys, lyd, handteikna animasjon og mekanikk speler saman. Oscillioskopet er utgangspunktet, ei gamal, spanande maskin.
Oscillioskopet kan gjere elektriske signal og lydbølger om til lysande strekar.
– Frå tidleg femtital har det vorte laga elektronisk kunst ved å sende lydbølger til eit oscilloskop ved at ein tek bilete av figurane som oppstår på skjermen, forklarer Nielsen.
Det siste tiåret har det vorte laga programvare som snur denne prosessen - der ein med oscilloskopet sin logikk tek omrisset av visuelle 3D-modellar og gjer dei om til lydbølger.
– I prosjektet “handteikna lyd” har vi laga handteikna animasjonar og brukt same teknologi til å gjere linene får desse om til lyd, fortel Nielsen.
Handteikna strek
I sitt kunstnariske team har han også med seg gitarist og vokalist Eilif Hensvold, og animatør Tuva Synnevåg.
– Intensjonen har vore å høyre kva type lyd og musikk vi kan skape med ein handteikna strek og å utforske ein ny arbeidsmetode for å skape audiovisuell kunst. Ved konserten vert den teikna lyden spelt som samplingar i samspel med andre instrument. Det samla signalet vert sendt, samstundes som vi høyrer det, til oscilloskopet og vidare til ein projektor, seier Nielsen.
Nok å kjenne etter
Konserten vert arrangert av tonehimmel og er ein del av konsertserien 2025. Leiar i tonehimmel Kaja Skatvedt Robak må sjølv innrømme at ho ikkje forstår så godt teknologien bak, men det er heller ingen føresetnad for å kunne oppleve noko spanande på konserten, meiner ho.
– Teknologien i dette verket er jo spanande, men ein treng ikkje skjøne for å kjenne, heldigvis. Det handlar meir om å vere open, sanse, kjenne og ta inn nye inntrykk, seier Robak.
Konserten er støtta av Kulturrådet, Møre og Romsdal fylkeskommune, Sparebank1 SMN, Sparebanken Møre, Volda kommune og Høgskulen i Volda.